Lovnad om tilskot til forundersøking

Regional og lokal verneverdi

Foto: Arkiv 

New Articles

Storteigen – Bernttunet vart ifølge Stranda bygdebok, Gard og grend, tatt ut frå Rasmusbruket i 1868. I boka kan ein også lese at stabburet vart bygd for over 100 år sidan, i 1906. Stabburet står på Stranda kommune sin kulturminneplan for 2018–2028.

Framtidige attraksjonar

Møre og Romsdal fylkeskommune har, i Handlingsprogram kultur 2018, sett av 100 000 kroner til blant anna til forundersøkingar av anlegg med høg regional og lokal verneverdi. Johanna Leira har søkt om midlar til ei forundersøking av stabburet på Storteigen/Bernttunet. Eit vedlegg til søknaden viser ei prosjektskisse der endringar av stabbur, løe og kårstova er skildra for å kunne gjere dei til framtidige attraksjonar på garden.

Verdi som kulturminne

Fylkeskommunen poengterer at ein føresetnad for vedtaket er bruk av kompetent handverkar i forundersøkinga, og i dette tilfellet vert Kåre Løvoll engasjert.

Planen for gjennomføring skal vareta bygget sin verdi som kulturminne best mogleg, skriv fylkeskommunen.


Sjå video om kultur på Kjølås

I dette videoprogrammet blir Sunnmøringen med skodespelar Gerd Johanna Leira med rundt på familiegarden, som ho vil gjere om til eit kultursenter.