Kva kommune gjer best arbeid for nynorsken

Årets nynorskkommune

New Articles

Ynskjer inn­spel om ny­norsk­ar­beid

Språk­rå­det ynskjer i ei pres­se­mel­ding 15. ok­to­ber inn­spel frå kom­mu­nar som mei­ner dei gjer ein god jobb for å frem­je ny­norsk­bru­ken. Aktuelle kommunar og fylksekommunar søkjer sjølve for å vere med i konkurransen.

– Vi vil heid­re ny­norsk­kom­mu­nar som bru­ker og syn­leg­gjer mål­for­ma både i sku­lar og bar­ne­ha­gar, i norsk­opp­læ­rin­ga for inn­van­dra­rar og i mark­nads­fø­rin­ga av kom­mu­nen, sei­er Mar­gre­the Kvarenes, sek­sjons­sjef i Språk­rå­det.

Un­der press

 Språk­rå­det pei­kar på at ny­nors­ken er un­der press med kom­mu­ne- og fyl­kes­sa­man­slå­in­gar.

– I år vil vi der­for sær­skilt opp­mo­de kom­mu­nar el­ler fyl­kes­kom­mu­nar som skal slå seg sam­an, om å søkje om å få pri­sen, sei­er Kvarenes, som lei­er ju­ry­ar­bei­det på veg­ner av Kul­tur­de­par­te­men­tet.

Flei­re krav å inn­fri

Pri­sen for å ver­te årets ny­norsk­kom­mu­ne er på 100 000 kro­ner. Både kom­mu­nar og fyl­kes­kom­mu­nar kan vin­ne pri­sen. Vin­na­ren må ta sær­leg vare på den ny­nors­ke mål­for­ma og el­les inn­fri flei­re krav som ju­r­yen vil pri­o­ri­te­re. Ju­r­yen er sett sam­an av rep­re­sen­tan­tar frå blant anna Ny­norsk Kul­tur­sent­rum og Noregs Mållag.