Kirkens Bymisjon spreier varme med oransje skjerf

Henger ut 20 000 skjerf

Oransje skjerf oppfordrar til å stille som bøssebærar under årets Tv-aksjon.  Foto: Eivind Louis Helset

New Articles

Skjerf på dugnad

Tidleg tirsdags morgon vert 20 000 oransje skjerf hengt opp rundt om i det ganske land. Skjerfa er strikka på dugnad av frivillige. Dei tilsette ved Kiwi Stranda har engasjert seg og strikka skjerf.

Ull til låns

Det var ein heimlaus som fraus som var starten på dei oransje skjerfa. Han låna eit ullplagg gjennom natta før han hang det tilbake på plass når det vart morgon, dette var i 2010. Året etter starta Kirkens Bymisjon ein strikkedugnad og det vart nokre hundre skjerf dei fyrste åra. I år er talet omlag 15 000 skjerf som er strikka av Kirkens Bymisjon sine gjestar, brukarar og engasjerte menneske.

Treng bøssebærarar

Kirkens Bymisjon henger opp dei oransje skjerfa for å glede morgontrøytte menneske. Statuar og lyktestolpar vert farga oransje og vil samtidig vere ei oppmoding om å stille som bøssebærar for årets Tv-aksjon «Mindre åleine saman».