Pipebrann

Pipebrann i Emdalen førte fredag føremiddag til uttrykning frå brannvesenet.  Foto: Eivind Louis Helset

New Articles

110-sentralen Møre og Romsdal melde på Twitter fredag morgon, at Stranda Brannvesen rykte ut på pipebrann på Emdal. Brannvesenet var raskt på plass og fekk kontroll på pipebrannen.

– Det er heldigvis ikkje så ofte vi rykker ut på pipebrann lenger, sa Inge Teigen, brannsjef i Stranda kommune.

Brannvesenet måtte ta vekk kledning rundt pipa for å få oversikt over omfanget, og oske frå pipa vart fjerna av røykdykkarar for å få kontroll på situasjonen.

Kvinna i huset vakna som vanleg denne morgonen og følte seg uvel. Ho melde frå om ulmebrannen til 110-sentralen. Kvinna vart sendt til legevakta for ein rutinemessig kontroll.

– Pipa vart feia tidlegare i år, men det er ei gamal pipe, kanskje var det gamle restar som brann, fortel huseigar.