Nedgang frå fjoråret

Hjortejakt

Nedgang i hjortefelling samanlikna med fjoråret. Illustrasjonsfoto  Foto: Peter Vibe/Colourbox.com

New Articles

I overkant av 260 hjort er meldt inn til viltnemnda mot om lag 300 hjort på same tid i fjor.

– Fjoråret var eit år med god avskyting, eg trur hjortestamma er noko mindre i år, seier Asle Johan Bergseth Konnerth, skogbrukssjef i Stranda Kommune.

Stabil vinter

Året som har gått frå fjorårssesongen har vore ein stabil vinter med kulde, og ein tørr og varm sommar. Dette kan virke inn på naturleg avgang, at kollene kan ha «mista» kalvane sine og den generelle kondisjonen til dyra.

Må justerast ned

Grunna stor hjortestamme har vinterbeita vore hardt pressa. I tillegg er forbod mot kunstig vinterforing av hjort med silo på grunn av smittefare frå skrantesjuka innført.

– Hjortestamma må justerast ned slik eg ser det, avsluttar Bergseth Konnerth