Full utrykning til bustadbrann i Geiranger

Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen i eit bustadhus i Geiranger laurdag.

Sløkt: Brannmannskap fekk raskt kontroll på brannen som skal ha starta i terrenget like ved huset. FOTO: STAALE WATTØ 

New Articles

Sunnmørsposten: I halv eitt-tida laurdag begynte det å brenne i eit bustadhus i nærleiken av Geiranger sentrum. Alle personar kom seg raskt ut av huset.

Like før klokka 13 får Sunnmørsposten opplyst at brannen er sløkt.

– Vi har fått melding om at det er kontroll på brannen, og ingen personar er skadde, opplyser operasjonsleiar Arild Reite i Møre og Romsdal politidistrikt.

Så langt tyder det på at brannen har starta i terrenget like ved huset.

– Det er uklart kvifor, men første meldinga vi fekk gjekk ut på at det har brent på utsida av huset og deretter teke fyr i huset, seier Reite.

Brannkorpsa både frå Geiranger og Eidsdal rykka ut til staden, ifølgje Møre og Romsdal 110-sentral.

Saka sto først på trykk i Sunnmørsposten si nettutgåve smp.no