Sterkt kvartalsresultat

Stort overskot for Fjord1.

Fjord1 syner til sterkt kvartalsresultat  Foto: Anniken Westad(Arkiv)

New Articles

Fjord1 si pressemelding om resultat for tredje kvartal viser eit resultat før skatt på 249,6 millionar kroner. Omsetnad var på 825 millionar kroner.

Selskapet skriv at dei legg bak seg ein god periode med stabil drift. Samstundes vart den såkalla «Romsdalspakken» tildelt Fjord1. Dette er ei anbodskontrakt som omfattar drift av fire samband i Romsdal og kontrakta gjeld i 14 år.

Grønt skifte

Fjord1 ønsker å vere leiande innan det grøne skiftet. Dei leverte i oktober inn anbod på verdas fyrste hydrogenferjesamband, strekninga Hjelmeland – Skipavik – Nesvik i Rogaland.

Selskapet har i tredje kvartal opna den fyrste landbaserte Ferdamat-kafeen i selskapet si historie, og dei har gjennomført dåp for nye elektriske fartøy.

I tillegg til dei fire strekningane i Romsdal vart Fjord1 innstillt som vinnar av anbodskonkurransen for ferjestrekningane Eidsdal-Linge, Stranda-Liabygda, Sæbø-Leknes og Hundeidvika-Festøya. Også denne kontrakta strekk seg over 14 år.