Ei gåve til ein ukjend

Einsamt juletre søker julegåver

På Stranda hotell står eit einsamt tre, fint pynta til jul. Det treng ikkje å stå der einsamt lenger. Hotellet oppmodar folk til å gi det selskap i form av julegåver.

Fredrik Habostad og hotellsjef Janne Siem held det einsame treet med selskap til julegåvene kjem.  Foto: Eivind Louis Helset

New Articles

Til dei som treng ei merksemd

Gåvene vert samla inn og gitt vidare til dei rundt oss som kan trenge litt ekstra merksemd i juletida. Sosialtenesta i kommunen hentar og fordeler julegåvene som er komne inn.

Før 15 desember

– Det er ikkje lagt noko føringar på kva som vert gitt, men julegåvene må pakkast inn og merkast med kven gåvene passar til, alder og kjønn, seier Janne Siem som er hotellsjef på Stranda hotell. Vi tek imot gåver til og med 15 desember, då rekk gåvene å verte delt før jul.

Det er tredje året på rad hotellet gjer denne samfunnsinnsatsen og hotellsjefen fortel at det var Line Løseth som las om det på internett og foreslo at også Stranda hotell kunne prøve å gjere ein slik positiv gest.

Stor givarvilje

Treet står ikkje einsamt lenge forstår ein når det i fjor var over 100 gåver som heldt treet med selskap i førjulstida.