Kor Løye og Kor Nøye?!

Inviterer til felles konsert

Blanda drops frå 1926 til 2000-talet.

  Foto: Raw Reklame og foto, Malmo Fotografi

New Articles

Dei to kora Kor Løye og Kor Nøye?! held konsert i Storfjord kulturhus fyrstkomande laurdag. Dei har med seg tre dirigentar og fem musikantar.

– Sist helg var det felles øving, men generalprøva vert på laurdag, seier Line Reed Drege, leiar i Kor Løye.

Kvar for seg og saman

Kvelden er delt slik at kvar av kora har sin bolk før dei avsluttar med fellesnummer.

– Vi jobbar mykje med songane og finn songar vi likar sjølv, fortel Reed Drege.

Kor Løye vert dirigert av Gunnhild Marie Overvoll og Trude Skogly Rolfsen, medan Kjellaug Oma er dirigent for Kor Nøye?!

Ønsker publikum hjarteleg velkomne

Kora har arbeidd hardt sidan i vår med konserten. Fleire titals timar fordelt på mange øvingar har dei lagt bak seg og no er dei klar for konsert.

Den tradisjonsrike konserten i kulturhuset er ein suksess. Laurdag vert heile amfiet med plass til 300 personar teken i bruk slik at flest mogleg skal få med seg konserten.

– Repertoaret er variert og det vil vere noko for ein kvar smak, seier Line Reed Drege og lovar stort trøkk og veldig bra musikalsk kvalitet.