Lesarinnlegg om det offentlege ordskiftet

Mobbeomboda åtvarar mot netthets

  Foto: Berit Roald / NTB scanpix

New Articles

Ytringsfridomen er ein grunnleggjande menneskerett. Demokratiet er nettopp bygd på denne retten til å kunne seie det ein meiner. Ein treng ikkje vere einig, men ein skal kunne forvente at ein vert møtt med respekt.

For ikkje mange vekene sidan gjekk mobbeombodet i Oslo, Kjerstin Owren, ut mot netthets av politikarar. I tilfellet vårt gjeld det både politikarar og offentlege tilsette. Ho sa då at jobben hennar med å redusere mobbing blant barn og unge er heilt umogleg så lenge ein har vaksne som hetsar andre openlyst i sosiale medium. Vi kunne ikkje vore meir einige. Som nytilsette mobbeombod for barn og unge i fylket så er det eit sisyfosarbeid vi har teke på oss, om ikkje vaksne veit å oppføre seg i sosiale medium. Vi vaksne er rollemodellar. Det må vi ta inn over oss anten vi likar det eller ikkje. Vi må gjennom handlingane våre lære dei unge kva som er greitt og kvar grenser går. Det handlar om god folkeskikk, både på og utanfor sosiale medium.

Diskusjonen om Nordøyvegen og økonomien i fylkeskommunen er full av kjensler. Det er derfor ekstra viktig å kople på tastaturbremsene. Om ein skal ytre seg, så bør ein tenkje om dette er gode, sanne og naudsynte ord å seie. Er dei ikkje det, bør ein late dei vere. Diskusjonen er tilspissa nok.

Ingen skal tole å blir hetsa, sjikanert og truga, uansett kva rolle ein har i samfunnet. Gode rollemodellar har eit ordskifte som er prega av openheit, toleranse og respekt for andre og kvarandre sine meiningar. Dette er viktig å ta med seg også når ein debatterer i sosiale medium. Det er ubehageleg og gjer noko med oss om vi vert hetsa, gjort til latter og til og med drapstruga på nettet. Vi oppmodar alle til å seie #stoppnetthets, #stopphatprat og #stoppmobbing.