Små endringar på verdsarvfjorden

Tala for verdsarvfjorden klare

Svak nedgang i passasjerar, svak auke for køyretøy.

The Fjords viser til ein svak nedgang i passasjerar på verdsarvfjorden.  Foto: Arkiv

New Articles

The Fjords har lagt bak seg ein ny sesong på verdsarvfjorden. Ferja mellom Geiranger og Hellesylt starta i år rekordtidleg med tre daglege avgangar frå 1. april.

Lang sesong

Selskapet utvida i 2017 sesongen til å vare ut oktober og trafikkerer med årets aprilsatsning fjorden i 7 månadar.

Det vil seie at det er ferjetrafikk over halve året. Det er i hovudsak ferja BF «Bolsøy» som trafikkerer ruta. Frå 20 mai til 10 september trafikkerte også BF «Veøy» fjorden.

Svak nedgang i passasjertal

Totalt vart det 1668 turar tur/retur. Tala viser at 220 570 passasjerar reiste på fjorden. Dette var ein svak nedgang frå 2017. 27 111 køyretøy vart frakta på fjorden av dei to ferjene, dette er ein svak oppgang frå 2017. I skuldersesongen i april var det om lag 2000 passasjerar.

Held fram neste år

The Fjords melder at dei også i 2019 vil halde fram med ferjetrafikk både i april og oktober.