-Kvar går grensa mellom rasering av vidaregåande opplæring og eit forsvarleg skoletilbod?

Pressemelding frå Elev og lærlingombodet i Møre og Romsdal

Elev- og lærlingombodet, Anita Alnes Solevåg, utfordrar fylkespolitikarane til å svare på spørsmålet.

Anita Alnes Solevåg stiller spørsmål ved kva som er eit forsvarleg skuletilbod.  Foto: Privat

New Articles

Elev- og lærlingombodet ser med uro på forslaget til økonomiplan 2019-2022 med budsjett for 2019. Blir økonomiplanen vedtatt slik den er lagt fram no, blir det store kutt i drifta og investeringsstopp i dei vidaregåande skolane våre i lang tid framover.

- Det er neste ufatteleg kor store endringar innsparingane  vil få  for vidaregåande opplæring og elevane si framtid. Eg fryktar  dette vil vere ei rasering av skoletilbodet vi gir ungdomane våre, seier Solevåg.

Med årlege elevkull på om lag 3500 elevar vil dei store innsparingane ramme mange over lang tid.

- Mange har venta på nybygg, rehabiliteringar og framhald i allereie påstarta bygg. No står dei i fare for å bli  lagt på is. For mange skular er situasjonen allereie prekær, og dette er svært uheldig for elevane.

– Lytt til elevane

Dei siste åra har også elevar i vidaregåande skole klart sagt i frå at dei er misfornøgde med det fysiske miljøet i skolen. Det kjem fram i den årlege Elevundersøkinga, der om lag 90 % av elevane har delteke. Elevane opplever store manglar på skolebygg, inneklima, sanitærforhold og uteområde.

Ombodet strekar under at alle elevar har rett til eit godt  fysisk skolemiljø i følgje Opplæringslova §9A-7 og andre forskrifter

- Det er samsvar mellom elevane sine svar og tilstanden til skolen dei går på. Det fysiske skolemiljøet har kome på jumboplass i undersøkinga i fleire år. Det er derfor uforståeleg om dette vert skyve endå lengre fram i tid, seier Solevåg.

Ho meiner det er viktig at politikarane lyttar til elevane, når dei seier i frå.

- Vert økonomiplanen vedteken slik den er lagt fram no, så tek ein ikkje stemmene deira på alvor.

Alvorlege kutt

Eit av hovudmåla i utdanningssektoren i Møre og Romsdal er å førebygge fråfall i vidaregåande opplæring. Det er det vanskeleg å få auga på.

Tiltak som ikkje er lovpålagte, men som har førebyggjande effekt, vil forsvinne først. Sårbare grupper i skulen vil då verte særskilt råka.

- Dersom økonomiplanen vert vedteken, går elevane ei krevjande tid i møte.

Solevåg seier til slutt at ho støttar både Elevorganisasjonen, dei ulike ungdomsråda  og Utdanningsforbundet sine uttalar om saka.


Med venleg helsing

Anita Alnes Solevåg

Elev- og lærlingombod