Åtte tilbod på forskjeringane til vintertunnel

Foto: Statens vegvesen. 

New Articles

I ei pressemelding melder Statens Vegvesen at dei har fått åtte tilbod på forskjeringane for vintertunnel til Geiranger.

- Kontrakten inneheld fjerning av lausmassar og sprenging for startpunkt til tunnelen og er førebuande arbeid for ein tryggare veg til Geiranger, heiter det i pressemeldinga.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er oppdragsgivar. Om Fylkestinget ikkje vedtek finansiering i desember vert konkurransen avlyst. Arbeidet i kontrakta skal vere ferdig hausten 2019.

- Vi er svært godt nøgde med at åtte entreprenørar har levert tilbod. No skal vi kontrollrekne tilboda, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Fylkesveg 63 er einaste tilkomstveg til Geiranger om vinteren og er ofte stengd på grunn av snøskred eller fare for snøskred. Den planlagde vintertunnelen er 4,8 kilometer lang og gjer strekninga mellom Korsmyra og Indreeide trygg for skred.

Desse har levert anbod:


Anlegg Nord AS - 19 875 725,00

Aurstad Tunnel AS - 17 676 389,40

Betonmast Hæhre Anlegg AS - 25 239 610,00

Busengdal Transport AS - 17 053 711,30

Lesja Bulldozerlag AS - 13 260 528,80

Mesta AS - 18 328 972,32

Opshaug Sandtak AS - 16 709 075,00

Vasto Anlegg AS - 18 450 458,05