Tal frå arbeidsmarknaden

Svak oppgang

3 fleire utan arbeid i Stranda kommune sidan oktober.

  Foto: Børge Sandnes/Colourbox.com

New Articles

Møre og Romsdal har hatt ein nedgang i talet på arbeidsledige på 10,2 prosent siste 12 månadar. I november er det totalt 3015 arbeidsledige i fylket.

 – Den siste månaden har arbeidsløysa vore stabil på 2,2 prosent. Utviklinga det siste året har vore god i Møre og Romsdal med ein nedgang på over 10 prosent, seier Stein Veland, fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal.

Nedgang trass oppgang

I Stranda kommune går 16 menn og 19 kvinner utan arbeid, dette utgjer 1,4 % av arbeidsstokken. Trass svak oppgang i ledige i november er det framleis ein sterk nedgang på 18,6 % utan arbeid jamført med same tidspunkt i fjor.

Halvert arbeidsløyse

For nabokommunane til Stranda er det Norddal som har den lågaste arbeidsløysa med 0,7 %. Norddal kommune har hatt ein nedgang i arbeidsløyse på 50 % det siste året. Sykkylven kommune har hatt ein nedgang siste året på 31,3 % medan Stordal har hatt ei auke på 10 % same periode.