Trafikkulukke i Liabygda

Bil køyrt i fjellveggen

New Articles

(Sunnmørsposten) : Politiet melde laurdag ved 13.30-tida at ein bil hadde køyrt i ein fjellvegg ved Liabygda. 

110-sentralen for Møre og Romsdal opplyser til Sunnmørsposten ved 13.50-tida at brannvesenet er framme på staden.

– Vi jobbar med å frigjere ein person frå bilen, fortel vakthavande.

Vedkomande skal ikkje vere hardt skadd. 

Føraren var medviten etter ulukka og kunne fortelje om smerter i nakkeregionen, ifølgje ei twitter-melding frå politiet i Møre og Romsdal.

Ifølgje ein tipsar ligg bilen på sida av fylkesveg 650 ved tunnelen ned mot ferjekaia.

Klokka 1438 melder politiet på Twitter at det er redusert framkjømd med eitt køyrefelt stengd ned bakken frå Ringsettunellen til Gravaneset grunna ulukka.