Stranda fotball inviterte til julelunsj

Trivselstiltak

På Mona stadion skjer der meir enn berre fotballsparking. Inne på klubbhuset duftar det av god mat.

Mange var innom og tok del av ein god julelunsj og eit sosialt treffpunkt.  Foto: Eivind Louis Helset

New Articles

For tredje året har Stranda fotballklubb, med initiativtakarane Geir Ove Vågsæter og Tommy Sandø i spissen, stelt i stand julelunsj for andre. Med seg har dei hatt ein god kjøkkengjeng i Stranda fotball sine lokale på Mona.

Inviterte flyktningar inn

Tanken fyrste året var å invitere flyktningar inn til ein sosial treffstad men også for å gi dei eit innblikk i klubben og kva klubben driv med. Etter kvart vart også fleire grupper inviterte, og klubben har med hjelp frå frivilligsentralen og flyktningrådet fått ut invitasjonar til både flyktningar og andre som kanskje er einsame i juletida.

Variert meny

Menyen på klubbhuset bestod både av varm mat og av bakverk, alt saman gitt frå lokale bedrifter.

– Vi har aldri fått nei frå dei bedriftene vi har spurt og vi opplever det som stor vilje til å hjelpe, seier Vågsæter.

Godt besøkt

I løpet av dei 2 timane tilstellinga varte var mange innom for å treffe andre, få seg ein matbit og nyte godt av det positive tiltaket. Nokre var veteranar som var der tredje året på rad. Fyrste året hadde dei påmelding til julelunsjen, noko dei no har endre på, på same vis som at tidspunktet er flytta til tidlegare på dag.

– Vi håpar det er eit tiltak mange vel å nytte seg av. Vi er klare igjen til neste jul, seier både Sandø og Vågsæter før dei sjølve får ein velfortent matbit.

Nye fotballsparkarar

Tiltaket har hausta frukter i form av nye fotballsparkarar på stadion, og nye vennskap er stifta. Utanfor ligg kunstgraset grønt og rolig, inne senkar julefreden seg på ny.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
New Articles