Det gamle verdikortsystemet går ut

Ny ordning frå 1 januar

Overgang: Du kan framleis nytte verdikorta på ferjestrekningane i Møre og Romsdal. AutoPASS-ferjekort og AotuPass-brikker vert innført i ei overgangsordning.   Foto: Arkiv

New Articles

Møre og Romsdal fylkeskommune informerer at betalingsordninga AutoPASS vert innført på alle ferjestrekningar over heile landet.

Rabattar og kort gjeld framleis

Storbrukarkortet for firma kan fyllast på til og med 31. januar 2019 og verdikortet kan nyttast til og med 31. mars 2019. For privatpersonar som nyttar det såkalla verdikortet kan det fyllast på til og med 31. mars 2019 og nyttast til og med 30. juni 2019. Etter desse datoane vil AutoPASS-ferjekortet ta over og vil fungere på same måten som dagens kort. Rabattar som verdikortet gir vil ein også få med AutoPASS-ferjekortet.

AutoPASS-brikka vil kunne nyttast når teknologien er på plass. For ferjene i Møre og Romsdal vil ikkje det skje før i 2020.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
New Articles