Talentprisen til sykkeltalent

Økonomisjef i Stranda Energi Kåre Bø, talentprisvinnar Andrè Drege, ordførar Jan Ove Tryggestad og HOK-leiar Jostein Dalen. 

New Articles

Stranda energi sin talentpris for 2018 vart i dag delt ut under kommunestyret sitt dialogmøte.

Prisvinnaren er Andrè Drege, som er fødd og oppvaksen på Stranda - og som dei fleste vil kjenne innanfor både fotball- og handballdeltaking opp gjennom oppveksten.

Men det er som syklist han no satsar, og allereie utmerker seg.

- Han har vore aktiv i mange idrettar i oppveksten, og først i tenårane kom interessa for sykkel. Han har gått på Norges Toppidrettsgymnas i Lillehammer, og fekk der Utviklingsprisen for 2017/2018 for sin store framgang som syklist. Han har allereie vore hjelperyttar for Edvald Boason Hagen, sa HOK-leiar Jostein Dalen til kommunestyret i samband med utdelinga.

- Talentprisen skal henge høgt, men blant mange gode kandidatar peika prisvinnaren seg spesielt ut, sa han vidare.

Drege fekk med seg både ein stor sjekk på 10.000 kroner og blomer. Han var overraska og glad over prisen.

- Eg visste at det var sendt inn ein søknad på mine vegner til talentprisen, men eg tenkte at det var så mange gode kandidatar at eg ikkje heilt nådde opp. Men det gir sjølvsagt ein stor motivasjon i vidare satsing, seier Drege etter prisutdelinga.

Syklisten vil vere å sjå på heimebane i helga - han deltek på Nibberittet under Frå Fjord til Fjell i Geiranger.

- Eg er landevegsryttar og ikkje klatrar, men eg gler meg. Det skal bli spennande, smiler Drege.