LO sin sommarpatrulje i Møre og Romsdal

Fleire lovbrot i Geiranger

Geiranger sentrum: Moglegheitsrommet for utvikling av Geiranger sentrum er utfordrande, all den tid krav i TEK 17 (byggteknisk forskrift journ. anm) set krav om sikkerheit mot naturpåkjenningar møter verdsarv i bygda. No er områdereguleringsplanen for Geiranger til handsaming i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. arkivfoto  Foto: Anniken Westad

New Articles

Lo sin sommarpatrulje har denne veka vitja Geiranger. Der fann dei brot på lovverket hjå omlag halvparten av bedriftene dei besøkte.

- Brota er hovudsakleg manglande eller mangelfull betaling av overtid. At ein jobbar overtid er normalt, òg i ei bygd som Geiranger. Då er det ekstra viktig med god informasjon til dei tilsette om overtidstillegg, seier Kent Logan Jelle som er leiar for Sommerpatrulja i Møre og Romsdal i ei pressmelding.

Brota handla òg om mangel på verneombod og dårleg informasjon i bedrifta om kven som er verneombod.

Sidan 1985 har LO si sommerpatrulje hatt fokus på sommervikarane sin jobb situasjon. I 2018 vitja patruljen nesten 6. 000 bedrifter over heile Noreg. I år er fokusområda spesielt verneombod, ungdom sin trivsel på arbeid og arbeidskontrakt.