Stort behov i sommarmånadene

Rekordmange vil bli blodgivarar

Blood donor at donation with a bouncy ball holding in hand.  Foto: Matej Kastelic

New Articles

Heile 5.600 nye blodgivarar meldte seg i juni månad, skriv Røde Kors i ei pressemelding fredag føremiddag.

Det er ei dobling frå same tid i fjor.

- Det er svært gledeleg at så mange vil bli blodgivarar. Vi vil gjerne takke alle som gjer ein uvurderleg innsats for at menneskeliv ikkje skal gå tapt, seier Elizabeth Salas Andreassen. Ho er ansvarleg for blodgivarprogrammet til Røde Kors.

Blod kan ikkje framstillast kunstig, og er "ferskvare". Sjølv om nye blodgivarar kjem til kvart år, er det òg mange som sluttar å vere blodgivarar av ulike årsaker. Noreg treng kvart år 30.000 nye blodgivarar for å halde beredskapen oppe i landet.

Det er berekna at annankvar nordmann i løpet av livet vil trenge behandlling med blodprodukt.

I vårt område er det blodbank både ved sjukehuset i Volda, og ved sjukehuset i Ålesund.