Fartskontroll på FV60

Bot på fleire laurdag

New Articles

Det har laurdag ettermiddag vore fartskontroll på FV60, melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Denne gongen vart kontrollen heldt i Ljøtunellen mellom Herdalen og Ljøen.

Åtte bilførarar fekk forenkla førelegg for høg fart i åttisonen, høgste hastigheit som vart målt var 114 km/t.

Ein bilførar vart òg meldt for mistanke om ruspåverka køyring.