Stranda A-lag herrar

Stranda-jubel

New Articles

Stranda slo Skodje 3-0 torsdagskvelden. Med dei tre poeng vart avstanden nedover til Skodje auka til seks poeng.

Jesper Hoel Røyr vart avgjerande for heimelaget. Han laga 1-0 i åpningsminutta av første omgang. På tampen av omgangen sette Hoel Røyr inn 2-0, som var pauseresultatet.

Etter pause avgjorde midtstopparbautaen Øyvind Kjellstad Fjørstad kampen kvarteret ut i omgangen.

Dei andre laga rundt Stranda tok heller ikkje poeng. Dermed har Stranda fire lag bak seg på tabellen når fire kampar står att. Med siger i dei to heimekampane mot Ellingsøy og Hasundgot vil mykje vere gjort i striden om å unngå nedrykk. Stranda har også klart best målskilnad av laga under midten av tabellen. Eit lite poeng i seg sjølv når siste runde er spela og tabellen vert endeleg.

Neste kamp for Stranda er borte mot Godøy, eit lag som ligg slik til at dei ikkje kan rykke opp eller ned. Skal vi tru på første bortepoeng sidan juni?