FV 60

Mista lappen grunna mobilbruk

New Articles

Politiet har torsdag føremiddag hatt trafikk-kontroll i 60-sona i Velledalen på FV60.

Dette melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Ein bilførar fekk førarkortet kverrsett grunna mobilbruk. To bilførarar fekk forenkla forelegg for mobilbruk.

Det vart elles utforma fire forenkla forelegg for fart, den høgste hastigheita som vart målt var 76 kilometer i timen.