Barnekonvensjonen er 30 år

- Sats på barn og unge

  Foto: Aldona Pivoriene/Colourbox.com

New Articles

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste, har sendt ut eit brev til alle kommunar i fylket i samband med at ein 20. november markerer at det er 30 år sidan konvensjonen vart vedteke.

- Barn er ekstra sårbare og heilt avhengige av dei vaksne i samfunnet. Grunnpilarane i barnekonvensjonen er å beskytte, forsørge og legge til rette for medverknad. Desse prinsippa speglar forståinga av barn sine særskilte behov, utover dei generelle menneskerettane, skriv Fylkesmannen.

Ho oppmodar kommunane til å ta med barn og unge på råd.

- I fylket vårt bur det om lag 65.000 barn og ungdom, som er nesten ein fjerdedel av innbyggarane våre. Vi oppmodar kommunane til i enda større grad legge til rette for medverknad frå barn og unge, skriv Brøste vidare.

Ho oppmodar til ein idèdugnad mellom politikarar, ungdomsråd, einingar og frivillige organisasjonar for å styrke arbeidet for og med barn og unge i eigen kommune.

Barnekonvensjonen vart vedteke av FN si generalforsamling den 20. november 1989, og er ratifisert i samtlege land i verda - med unntak av USA.

Noreg ratifiserte konvensjonen i 1991, og den vart inkorporert i lovverket i 2003.