Sambandet Aursnes - Magerholm

Ferjedåp tysdag

Illustrasjonsfoto  Foto: Privat

New Articles

Fjord1 byr inn til ferjedåp tysdag ettermiddag på Magerholm.

Då skal MF Rovdehorn og MF Skopphorn verte døypte, og båe ferjene skal trafikkere sambandet Aursnes-Magerholm.

Ferjene er båe bygd som plugin-hybrid, med lading frå land. Dei trafikkerar allereie sambandet, sjølv om dei etter kontrakta først skal vere på plass frå nyttår.

Dåpssermonien startar ved Magerholm ferjekai - og det blir både sveler, kaffi og kaker å få lovar Fjord1.