Timebestilling for pass i Møre og Romsdal

Arkivfoto 

New Articles

I Møre og Romsdal er det no lansert eit nytt system for kø- og timebestilling for pass, på nett.

Frå måndag 18. november kan du tinge time til passbestilling i Møre og Romsdal, og sleppe lange køar og bomturar. Frå 25. november vil det ikkje vere mogleg å møte utan å ha bestilt time først.

Du kan bestille time på nettsidene til politiet i Møre og Romsdal, og sjølv velje tidspunkt og lensmannskontor.

I Møre og Romsdal politidistrikt kan du i nytte passtenesta hjå Kristiansund politistasjon, Molde lensmannskontor, Sunndal lensmannskontor, Surnadal lensmannskontor, Sykkylven lensmannskontor, Ulstein og Hareid lensmannskontor, Volda og Ørsta lensmannskontor og Ålesund politistasjon.