Fleire oppringd fredag

Politiet åtvarer mot telefonar frå 112

New Articles

Politiet i Møre og Romsdal går fredag ut med ei åtvaring, etter å ha blitt kontakta av fleire som har blitt oppringd frå politiet sitt naudnummer 112.

Denne oppringinga kjem ikkje frå politiet, seier Møre og Romsdal politidistrikt.

- Politiet ringer aldri til publikum frå 112, skriv Møre og Romsdal på Twitter.