Rasfare i nordvest

Austvågøy i Lofoten. Illustrasjonsfoto.  Foto: Eric Fokke / NTB scanpix

New Articles

Raskt vêrskifte frå kalde til mildare dagar fører til snøskredfare på nest høgaste nivå på Nordvestlandet tysdag.

Tysdag aukar faren frå oransje til raudt nivå for Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre og Indre Fjordane, skriv NRK.

Farevarselet betyr at det er stor fare for naturleg utløyste flak- og laussnøskred i bratte heng.

– Det kjem kraftig mildvêr og mykje regn. Det gjer at snøen blir ustabil og vi ventar naturleg utløyste skred, seier Heidi Bache Stranden, hydrolog i NVE til NRK.

Snøskredvarslinga oppmodar folk på Nordvestlandet om å halde seg unna skredterreng, som er terreng brattare enn 30 grader, og utlaupssoner for skred.