Trafikk-kontroll på FV60

Null alkohol - men....

New Articles

Politiet i Møre og Romsdal har torsdag i samarbeid med Statens vegvesen hatt trafikk-kontroll på FV60 i Sykkylven.

Totalt 40 køyretøy vart kontrollerte, av desse ti vogntog.

Det vart ikkje utslag på alkohol, men derimot fleire andre ting.

Eitt køyretøy fekk køyreforbod grunna manglande sikt i frontruta.

To førarar fekk med seg mangellapp for lys og teknisk tilstand.

To førarar fekk gebyr grunna overlast og dårlege dekk.