Sterke besøkstal for Øie-film

Aktuell: Regissør Pål Øie er i haust aktuell med filmane «Flammen over Jølster» og spenningthrilleren « Tunnelen». Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK  Foto: Berg-Rusten, Ole

New Articles

Over 100.000 kinogjengarar har sett Pål Øie sin nye katastrofefilm "Tunnelen", skriv distribusjonsfirmaet Nordisk Film i ei pressemelding.

- Tunellen vart ei god avslutning på kinoåret 2019, og sikrar samtidig ein god start på 2020, skriv dei vidare.

Tunnelen hadde premiere første juledag, dog med førpremierer mellom anna på kulturhuset 21. desember. I år har filmen konkurranse frå både DIsney og George Lucas - med Frost 2 og Star Wars.

- Romjula 2019 vart ein av dei best besøkte romjulene på norsk kino nokon gong, og det er spesielt hyggeleg at ein norsk film som Tunnelen hevdar seg i sterk konkurranse, skriv Nordisk Film.