Næringsplanen skal ut til bygdelaga

Svemorka: Planprogrammet for den første strategiske næringsplanen til Stranda kommune vart i fjor sendt til kvar bedrift i kommunen. No er forslag til strategisk næringsplan ute på høyring.. Foto: Johan Behrentz  Foto: Johan Behrentz

New Articles

Forslag til strategisk næringsplan for Stranda kommune vart lagt ut til offentleg høyring onsdag.

No skal næringsplanen ut til bygdelaga i Stranda for innspel.

- For å synleggjere planen og kor viktig det er at folk engasjerar seg i saker som har med næringsutvikling å gjere, har kommunen bestemt seg for informasjonsmøte i kvart av bygdelaga, seier næringssjef Inge Bjørdal.

Stranda tettstad er først ute, med bygdemøte den 10. februar i kulturhuset.

Liabygda har møte same kveld, då på Trollbryggeriet.

Geiranger har møte 12. februar på Fjordsenteret, medan Sunnylven er siste ut med møte den 18. februar på samfunnshuset.