Sportskjeda Gresvig har slått seg konkurs

- Vi driv som normalt

  Foto: Arkivbilete: Ole Tommy Hanssen

New Articles

Styret i Gresvig Retail Group AS har i dag slått selskapet konkurs, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Gresvig har i ei årrekkje drive sportsbutikkar under to kjeder: G-Sport/G-Max og Intersport.

Konkurskravet er levert inn ved Heggen og Frøland tingrett, og vil omfatte alle kjedeeigde butikkar. 100 franchisebutikkar er ikkje omfatta av konkursen.

Driv som normalt

Intersport Stranda er ein av franchise-butikkane som ikkje blir omfatta av konkursen, butikken er heileigd av Arve Mogstad jr. og er ein av franchise-butikkane som ikkje er omfatta av konkursen. Mogstad jr. er dagleg leiar på butikken.

– Vi driv som vanleg inntil vidare, seier Mogstad jr. i ein kommentar til Sunnmøringen.

I fjor haust nyopna butikken med 70 kvadratmeter større butikkflate, for å kunne satse vidare i Stranda tettstad.


Sportsbutikken er blitt større enn nokon gang

Satsar på sko og klede på Stranda