Kristine med to toppløp

Karrierebeste i Oslo

Kristine Hjellbakk Hole presterte karrierebeste då ho i helga vart nummer ti og elleve i jentene si 18-årsklasse i noregscuprenna i langrenn i Oslo.

GÅR FORT: Kristine Hjellbakk Hole gjekk fort i noregscuprenna i Oslo. Ho gjekk inn til tiandeplass på sprinten i nasjonalanlegget.   Foto: Svein Halvor Moe

New Articles

-Eg er veldig fornøgd både med sprinten og distanserennet i skøyting. Det var artig at eg skulle lykkast så bra som eg gjorde. Det største målet før sesongstart var å gå seg inn til ei topp ti-plassering i noregscupen. Det klarte eg i helga og det lover godt for resten av sesongen. Junior-NM på Beitostølen blir det neste store. Forhåpentlegvis så klarer eg å bite like godt frå meg der, sa Kristine.

Hellesylt-jenta som fører dei gode Sunnylven-tradisjonane i skisamanheng vidare. Kristine oppnådde bra resultat i Hovedlandsrennet både då ho gjekk det siste og nest siste året på ungdomsskolen. Ho hadde lyst til å satse og konkluderte med at Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer kunne vere eit bra val. Hjellbakk Hole søkte skuleplass og fekk plass på ei skulesamling.

Har hatt fin utvikling

Kristine gjorde eit så bra inntrykk på skulesamlinga at ho fekk tilbod om plass på NTG. Det takka ho ja til. Og det var ei tillitserklæring å få det tilbodet ettersom dei aller fleste som viser interesse for NTG får beskjed om at dei er vegen og funnen for lett. Nålauget for å kome inn er trongt og det visste Kristine då ho søkte. Derfor var gleda store då ho fekk plass.

-Eg har lært mykje og hatt fin utvikling etter at eg starta på Norges Toppidrettsgymnas. Eg føler eg er ein betre langrennsløpar no enn eg var for eitt år sidan, sa Hjellbakk Hole som i Holmenkollen var nærare dei beste i si årsklasse enn ho har vore før i vinter. Ho var ikkje helt fornøgd med distanserennet i klassisk. I dei to andre renna var det fin stigning.

Betre trent enn før

Kristine Hjellbakk Hole svara ja på spørsmålet om ho er betre trent no enn det ho var då ho debuterte i juniorklassa. 17-åringen har både trent meir og betre og det har gitt resultat. Kristine går som nemnt fortare enn nokon gang og utholdenheita og styrken har også blitt betre. Førre vinter var 16.-plass det beste ho kapra i nasjonal samanheng. Det har ho allereie toppa.

-Eg har lyst til å gjere det bra i junior-NM. Det vil bli minst like vanskeleg å gjere det bra der ettersom dei aller fleste prøvar å toppe forma til NM, sa Kristine som kjem til å prioritere trening inn mot junior-NM. Ho vet ikkje om det blir fleire rennstarter på Beitostølen før meisterskapen er i gang.