FV63

Stenger vegen grunna rasfare

New Articles

FV63 mellom Indreeide og Geiranger blir stengd fredag ettermiddag klokka 18 grunna fare for snøskred, skriv vegtrafikksentralen på Twitter.

- Det er varsla uvêr og rasfare. Ver merksam på at vegen kan bli stengd tidlegare. Det blir gjort ei ny vurdering klokka 0900 laurdag, skriv dei.

Stenginga gjeld all trafikk på strekninga.

Stranda kommune melder på sine heimesider at fyrste ferje går frå Hellesylt laurdag morgon jf. rasrute: