Fare for høg vasstand onsdag

Farevarsel for Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland oppgradert til oransje

Høg vasstand ved ferjeleiet i Stranda tettstad tidlegare i år.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

New Articles

Farevarselet i tre fylke vart oppgradert frå gult til oransje onsdag. Det tyder vasstand 50–65 centimeter over vanleg nivå.

Varselet gjeld Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vasstanden er venta å vere høgst rundt klokka 12 onsdag, klokka 13 i Trøndelag. Meteorologisk institutt rår folk til å halde avstand til vatnet i strandsona, sjekke båtfortøyingar og sikre lause gjenstandar i naust og ved vasskanten.

Følgjene av oransje farevarsel kan vere flaum fleire stader og moderate øydeleggingar på infrastruktur og bygningar i strandsona, skriv instituttet.