Koronaviruset

Rådmannen kaller inn formannskapet på fredag

New Articles

Rådmann Åse Elin Hole stadfester til Sunnmøringen onsdag ettermiddag at formannskapet blir kalla inn til ekstraordinært møte fredag klokka 12.

- Då vil det bli ei orientering om status og tiltak i samband med koronaviruset, seier rådmannen.

Onsdag ettermiddag erklærte WHO utbrotet av koronaviruset for å vere ein pandemi. Det er no nasjonalt forbod mot innandørs arrangement som tel meir enn 500 personar med heimel i smittevernloven sin paragraf 4.

Ålesund kommune har innført forbod mot arrangement som tel meir enn 100 personar, skriv kommunen på si heimeside.

Ålesund har samtidig gjort vedtak om at passasjerer frå cruiseskip og hurtigruten ikkje får kome i land i Ålesund fram til 1. mai. Det er meldt 15 anløp av cruiseskip fram til då, melder Sunnmørsposten.

Sykkylven kommune har fulgt den same linja som Ålesund, og forbyr arrangement som samlar meir enn 100 personar.

Grøn Fjord-konferansen starta onsdag i Geiranger, og det er sett inn særskilde tiltak ved Hotel Union for å avverge smitte. Mellom anna er det innskjerpa reinhald, utplassering av ekstra antibac-stasjonar på hotellet og erstatting av buffet med tallerkenservering. Det er rundt seksti deltakarar på Grøn Fjord 2020.