Korona

Besøksforbod på omsorgssentra

Det er innført besøksforbod ved omsorgssentra og omsorgsbustadene i kommunen. Også helsestasjonen og idrettshallar er stengt.

Stranda kommune har med umiddelbar verknad sett restriksjonar for besøk på mellom anna Stranda omsorgsenter.  Foto: Arkivfoto

New Articles

I ei melding som er lagt ut på Stranda kommune si heimeside går det fram at det er forbod mot å besøkande i instituasjonane i kommunen frå 12. mars. . Dette er ei skjerping i høve pressemeldinga om koronautbrotet som vart lagt ut på heimesidene torsdag og som framleis ligg der.

Strengt forbode

"Det er stengt for besøkande i institusjonane i Stranda kommune frå og med 12.03.20 fram til ny beskjed vert gitt.

Det er stengt for alle besøk bortsett frå absolutt naudsynte. Ring på førehand for å avtale slike besøk. Dette for å skåne dei som bur i institusjon og omsorgsbustad for smitte sidan dei er irisikogruppa. Det er også svært viktig at helsepersonell ikkje blir utsett for smitte og dermed ikkje kan pleie dei sjuke og eldre.

Dagsenteret stengt

Dagsenter for eldre vert halde stengt frå og med måndag 16.03.20.Vi ber om forståing for dette og minner samtidig om viktigheita av god handhygiene, både for åbeskytte deg sjølv og dine næraste." heiter det i meldinga som er lagt ut på kommunen si heimeside. Ho er underskrive dei tre einingsleiarane i helse- og omsorg.

Dette er noko av innhaldet i dei tiltaka som Stranda kommune innfører for å avgrense smittefaren for i kommunen. Leiinga i kommunen hadde torsdag møte der ein sette opp ei rekkje tiltak i samråd med smittevernlegen. Ifølgje tiltaka vil det dermed berre vere formannskapet av den politiske leiinga av kommunen som vil vere samla.

Alle barnehagar, skular og vidaregåande skular vert stengd frå og med fredag, etter nasjonalt vedtak.


Erna Solberg

Ber om landsomfattande dugnad

Statsminister Erna Solberg seier tiltaka som no blir sette i verk, vil setje kvardagen til folk på hovudet, men det er nødvendig for å sikre liv og helse.


LES PÅLEGG FRÅ HELSEDIREKTORATET

Helsestasjonen stengt

Stranda kommune har lagt denne informasjonen om helsestasjonen ut på sine heimesider fredag:

Helsestasjon for ungdom er stengt inntil ny beskjed. Har du behov for hjelp ring på 464 11 047 eller på 70 26 80 00, så blir det formidla kontakt med helsesjukepleiar.

Drifta ved helsestasjonen er omlagt på grunn av koronasituasjonen. Kun dei med avtalar skal møte.
Sjuke må ikkje møte på helsestasjonen.

Har du spørsmål, trenger hjelp og veiledning ring på telefon 464 11 047 eller på 70 26 80 00 så får du snakke med helsesjukepleiar.

Pålegg frå kommunen

Her er pressemeldinga som er lagt ut på kommunen si heimeside torsdag ettermiddag:

Med bakgrunn av sentrale føringar og raskt utvikling av situasjonen pålegg kommuneoverlegen følgande smitteverntiltak:

  • Det blir innført besøksforbod ved omsorgssentera i kommunen frå måndag 16. mars. (Dette punktet er endra. Sjå ovanfor).
  • Alle idretts- og kulturarrangement vert avlyst
  • Offentleg idrettshall, gymsalar, svømmebasseng vert stengt
  • I samråd med Stranda hamnestell og sentrale beredskapsanbefalingar pålegg smittevernslegen forbod om ilandstiging frå cruiseskip i Stranda kommune.
  • NAV held kontoret stengd. Om ein treng å kome i kontakt med NAV, må ein ta kontakt per telefon.
  • Alle som kjem heim frå utanlandsreise skal i karantene, uavhengig av om ein har symptom på sjukdom. Dette blir gitt tilbakevirkande kraft frå 27. februar.

Pålegg gjeld frå dags dato og i 30 dagar.

Sterk anbefaling til helsepersonell og kommunalt tilsette om å avgrense all reiseaktivitet.

Tiltaka omfattar også cruiseanløp til kommunen. Ingen passasjerar frå cruiseskip får til dømes gå i land i Stranda. Dette er i samsvar med tiltak som er gjort både i Ålesund og Bergen.


Viking Cruises stansar all aktivitet

Spreiinga av koronaviruset fører til at reiarlaget Viking Cruises vel å stanse all aktivitet fram til 1. mai.


Det førstkomande cruiseskipet kjem etter planen til Stranda 23. mars.



Kyrkja avlyser gudstenester

Gudstenester mange stader er avlyste som følgje av koronautbrotet. Samtidig blir det lagt avgrensingar på gravferder og dåp.


Varaordførar Svein Erik Rimstad (H), som var på det kommunale møtet, stadfestar at dette er nokre av innhaldet i dei tiltaka som kjem frå kommunen i løpet av ettermiddagen.

Ferskvare

-Vi har for tida ingen som har fått påvist koronasmitte i Stranda. Desse tiltaka er gjort for å vere føre var, seier Rimstad til Sunnmøringen. Han strekar under at ein heile tida følgjer med på dei sentrale smitteråda frå Folkehelseinstituttet, som difor også blir gjeldande for Stranda.

-Dette er heile tida ferskvare, seier varaordføraren.

I Ålesund blir alle skular og barnehagar stengt frå fredag av.

Her er Ålesund sine råd og pålegg til innbyggjarane.

Kultur og idrett avlyser

Idrettsarrangement og kulturarrangement blir framover avlyst. Dette gjeld mellom anna KM i skiskyting som skulle gå føre seg på Hyttehøla laurdag, samt avsluttinga på Sparebanken Møre Cup for alpin på Strandafjellet laurdag og søndag.

Stranda IL ber alle undergrupper stoppe sine treningar uavhengig av talet på deltakarar, etter råd frå kommuneoverlegen på Stranda.

Påskekabareten til Kor Løye er avlyst av omsyn til situasjonen.

Storfjord kulturhus avlyser alle arrangement inntil vidare.

Ikkje kontant betaling på buss og hurtigbåt

Frå og med fredag 13. mars er det ikkje lenger mogleg å betale med kontantar på buss og hurtigbåt. Det blir samtidig færre bussavgangar, ein konsekvens av at skulane er stengde. Hurtigbåtane vil fortsette å gå i ordinære ruter.

– Bakgrunnen for avgjerda om kontantfrie bussar og hurtigbåtar er at FRAM ønskjer å redusere faren for smitte av sjukdom. Reisande kan nytte FRAM-appen, periodebillettar, reisekort eller vanleg bankkort.