Folk drar på hytta trass åtvaringer

Vil forby å dra på hytta i annan kommune

Dette biletet er frå ein tidlegare vinter. Hytteeigarar bør vurdere kor mykje taket toler. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK  Foto: Tore Meek

New Articles

Helseminister Bernt Høie (H) seier til NRK søndag føremiddag at regjeringa vil forby folk å vere på hytter som er i andre område enn bostadkommunen.

Forbodet vil bli vedteke i Kongen i statsråd søndag i form av forskrift, opplyser Høie til NRK.

Stranda kommune kom laurdag kveld med ei sterk oppmoding til hyttefolk som oppheldt seg i kommunen:

- Stranda kommune ber om at personar som ikkje har bustadadresse i kommunen (tilreisande og hyttefolk) reiser heim. Bakgrunnen er at kommunen ikkje har ressursar til å kunne behandle dei som kan verte sjuke, skreiv kommunen i tekstmelding.

Ei forskrift som forbyr opphald i annan kommune enn bustadkommunen, vil føre til at dei dette gjeld vil kunne tvingast til å reise heim av politiet.

- Om ein er frisk og rask, bør ein kome seg heim så raskt som råd og unngå å stoppe og å vere i nærleiken av andre på vegen. Om du har symptom, bør du vere ekstra merksam på å ikkje kome i kontakt med andre på veg heim, seier Høie til NRK.

Om ein ikkje klarer å kome seg heim på eiga hand fordi ein er sjuk, må ein ta kontakt med legevakta.