Arrangørar slepp å betale tilbake tilskot for avlyste kulturarrangement

Illustrasjonsfoto  Foto: Eivind Louis Helset

New Articles

Møre og Romsdal fylkeskommune kjem ikkje til å krevje tilbake tilskot til kulturarrangement som no blir avlyste på grunn av Koronapandemien, heiter det i ei pressemelding.

Etter oppmodingar frå styresmaktene har kommunar og organisasjonar måtta avlyse eller utsette arrangement for å redusere faren for Koronasmitte.

No opplyser fylkeskommunen at dei som har teke imot fylkeskommunale tilskot skal nemne avlysinga i rapporten og rekneskapen som dei sender inn på vanleg måte. Dei treng ikkje gi beskjed til fylkeskommunen om avlysinga på førehand.

Dei får dekt alle utgifter det er gitt tilskot til, sjølv om tiltaket ikkje er gjennomført. Dette inkluderer også budsjetterte utgifter til førebuing og sjølve gjennomføringa av tiltaket, til dømes utgifter til utøvarar eller artistar.

Alle utgifter må dokumenterast i rekneskap og rapport på same måte som elles, etter vilkåra for støtta, heiter det i pressemeldinga frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som også vil godkjenne at arrangement som har fått støtte blir utsett.

Alle tilsegner om tilskot som er gitt i 2020 gjeld for heile året.