Sterk oppmoding frå formannskapet

- Overhald karantenereglane

Influensasesongen er i gong  Foto: Illustrasjonfoto: Colourbox

New Articles

Formannskapet kjem med ei sterk oppmoding til alle strandarar:

– Overhald karantenereglane.

Frå 14. mars gjeld at alle som har vore på reiser i område utanfor Sverige og Finland skal halde seg heime i fjorten dagar etter heimkomst (heimekarantene), uavhengig av om ein har symptom eller ikkje. Det gjeld òg dei som har kome heim etter 27. februar – altså med tilbakeverkande kraft.

Karantene gjeld òg for personar som kjem til Noreg frå Sverige eller Finland, og som har opphalde seg i andre land i løpet av dei siste fjorten dagane. Reisande som kjem til Noreg, kan velje å reise tilbake i staden for å opphalde seg i karantene.

Kva inneber karantene:

– Ein kan ikkje gå på jobb eller skule

– Ein skal unngå reiser

– Ein skal ikkje ta offentleg transport

– Ein skal unngå alle situasjonar der ein lett kjem i nærkontakt med andre.

Stranda kommune vurderer måndag ettermiddag å sende ut tekstmelding til alle innbyggarane i kommunen, der reglane blir presisert. Målet er å hindre smitte inn i kommunen, og spesielt å hindre smitte inn i bedriftene som til dømes næringsmiddelindustrien – som er definert som samfunnskritisk.