To testa for korona på Stranda

Ekstraordinært formannskap i samband med korona-utbrotet. Kommunelege Steffen Schulz orienterer.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

New Articles

To personar på Stranda er testa for koronaviruset, stadfesta kommunelegen til formannskapet måndag.

Testene er sendt til Molde for analyse, og prøvesvara er venta onsdag.

Dei to personane dette gjeld, er sett i heimekarantene. Det skal per tysdag ikkje vere snakk om andre tilfelle.

Rådmannen oppmodar strandarar som sit med kompetanse kommunen treng, om å melde seg.

- I første omgang gjeld dette helsefagleg kompetanse eller røynsle. Men vi vil òg kartlegge anna kompetanse som fins i kommunen, mellom anna innan brann, vatn-, avløp- og renovasjon og infrastruktur som datakompetanse og anna. Vi kan kome i ein situasjon der vi treng ekstra mannskap, så alle som innehar beredskapskompetanse blir bede om å melde seg til oss, seier rådmannen til Sunnmøringen.