Stranda

-Turistsesongen truleg avlyst

- Vi må truleg avlyse turistsesongen i Stranda i år. Eg er ikkje optimistisk med omsyn til turistar frå Europa i sommar.

Ordførar Jan Ove Tryggestad har måtte halde seg heime i 14 dagar etter ein weekend i England. Han trur konsekvensane av koronautbrotet blir store både for næringslivet og kommunen.  Foto: Johan Behrentz

New Articles

Det seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda i samband med utbrotet av koronasjukdommen. Utbrotet og tiltaka i samband med å avgrense smitte, påfører kommunen store kostnader. Han fortel at kommunen har eigne postar som ein nyttar. Ein vil difor synleggjere desse kostnadene i rekneskapen, og turistnæringa er ein del av dette. Også NHO er i ferd med å gjere det same.