Turismen sviktar

Fryktar at Geiranger-samfunnet kan rakne

- Geiranger er heilt avhengig av turisme. No stoppar alt. Samfunnet kan rakne.

Turist-svikten som ein ventar i Geiranger som følgje av koronautbrotet, kan få alvorlege konsekvensar for eit samfunn som i stor grad lever av turisme.  Foto: Johan Behrentz

New Articles

Det meiner Geir Gjørva som i mange år har hatt ei sentral rolle innan reiseliv i Geiranger. Han har mellom anna drive som skipsagent og utleige av naust til turistføremål i Geiranger sentrum. Han karakteriserer seg sjølv som Geiranger-patriot. Han syner mellom anna til utsegner frå ordføraren i Stranda og den daglege leiaren i Stranda Hamnevesen, som båe reknar med at turistsesongen i år anten må avlysast eller blir kraftig svekt.



Meir sårbar enn Flåm

Liknande signal har kome frå mellom anna turistbygda Flåm, der permitteringane står i kø. Det gjer dei også i Geiranger.

-Geiranger er meir sårbar enn Flåm. Der har dei trass alt eit noko meir variert næringsliv, og langt betre kommunikasjonar. Bortsett frå nokre offentlege arbeidsplassar lever dei fleste i Geiranger av og med turisme. Vi er svært sårbare, meir sårbare enn andre bygder i Stranda seier Gjørva til Sunnmøringen.

Mange permitterte

Han strekar under at han ikkje har oversikt over permitteringar i næringslivet, men han vil ikkje forundre seg over om store delar av arbeidsfolket i verdsarv-bygda i løpet av kort tid blir permitter som følgje av svikten i turiststraumen.

Dei langsiktige konsekvensane av turistsvikten som følgje av korona-utbrotet kan bli svært store, og Geir Gjørva meiner ein snarast må sjå på infrastrukturen i bygda når korona-situasjonen roar seg.  Foto: Anniken Westad

- Vi har levd på knivseggen lenge. Små og store verksemder har svært små marginar. No er det ramme alvor. Vi må slå på stortromma. Kommunen har ikkje heilt tatt alvoret for Geiranger inn over seg, seier Gjørva.

Kritisk for næringslivet

Stranda kommune, i samarbeid med NHO, i ferd med å kartleggje kva konsekvensane av tiltaka mot koronautbrotet har å seie næringslivet. Ordførar Jan Ove Tryggestad har overfor Sunnmøringen gitt uttrykk for at ein er klar over den kritiske situasjonen for mellom anna reiselivsbedrifter, og at det vil bli rapportert vidare til styresmaktene.

-Kva meiner du ein må gjere no?

-Eg fryktar dei langsiktige konsekvensane av denne turistsvikten. På kort sikt må ein raskt få utnytte dei tiltaka som regjeringa no har sett i verk t.d for permitterte. Lokalt må ein redusere kommunale avgifter.


Strengare miljøkrav allereie ein realitet i verdsarvfjordane

Vurderer nasjonale miljøkrav på sjøen


Stopp i cruise

-Før denne krisa var det store samtaleemnet mellom reiselivsverksemdene i Geiranger dei strenge restriksjonane som Stortinget har sett på forureininga frå cruiseskip. Vi frykta at talet på cruiseskip til bygda ville gå drastisk ned når forbodet mot brenselolje blir sett i verk. No er vi i ein totalt anna situasjon. Det kan ta svært lang tid å få turismen opp att i Geiranger. Dersom cruiseskip som ikkje har ny teknologi blir nekta å gå inn verdsarvfjorden i 2026, vil krisa for Geiranger vare enda lenger. Derfor må ein utsetje desse strenge krava, meiner Gjørva.


Fornye infrastrukturen

Han er også oppteken av infrastrukturen i Geiranger med vanskelege parkeringstilhøve og vinterstengde vegar.

- Når den aktuelle situasjonen har roa seg, må infrastrukturen på plass. Bygda maglar straum og det hindrar ny næring å utvikle seg. Ein må også snarast gjere vedtak om heilårsveg til Geiranger, seier Geir Gjørva.