Sesongarbeidarar

Usikkert om jordbærsesongen

Jordbærsesongen går ei usikker tid i møte. Truleg må jordbærprodusentane sjå seg etter meir lokal arbeidskraft.
New Articles

-Vi har framleis litt tid til å planleggje, men vi må ha ei avklaring etter påske. Då tek arbeidet med å få sesongarbeidarar for alvor. Dei må vere på plass til sesongstart i juni/juli. Om restriksjonane på innvandring frå mellom anna Polen held seg oppe, må vi fri til norsk arbeidskraft, seier Harald Valle, som er dagleg leiar av Valldal Grønt. Han ser for seg at både arbeidsledige og studentar vil kunne arbeide i åkeren.