Storfjord Landbrukstenester

Vil vere vikarar i landbruket

Mellom ti og 15 personar har meldt si interesse for å vere landbruksvikarar i Storfjord Landbrukstenester SA.

Det vil vere behov for fleire landbruksvikarar om mange bøndser skulle bli sjuke, men landbruksorganisasjonane håpar i det lengste at det ikkje blir aktuelt.  Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix/ NPK

New Articles

Landbrukstenestene, som omfattar nordre og indre Sunnmøre, gjekk denne veka ut og etterlyste vikarar. dette er ein del av samarbeidet som Landbrukstenestene i Møre og Romsdal har med kommunane i sitt ansvarsområde om å byggje opp ein reservestyrke for husdyravløysing dersom behovet for ekstra mannskap oppstår i samband med Korona-pandemien. Responsen har vore god.