Ein person stadfesta smitta i Fjord

Kommunedirektør i Fjord, Karl Andre Birkhol   Foto: Arkivfoto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

New Articles

Fredag kveld meddelte kommunedirektør (rådmann, red. anm) Karl Andrè Birkhol at det første tilfellet av koronasmitte i Fjord kommune er stadfesta.

Dette melder Storfjordnytt.

Vedkommande har vore isolert frå første kontakt med lege, smittesporinga syner at personen har fått smitten frå utanlandsopphald. Fleire i turfølget er òg testa, og Birkhol forventar svar på desse prøvene fortløpande.

- Alle dette gjeld har vore isolerte etter at dei kom tilbake til kommunen, presiserer Birkhol.