Ni testa på Stranda - ingen smitta

Arkivfoto  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

New Articles

Ni personar i Stranda kommune er testa, fortalde brannsjef og medlem av kriseleiinga i Stranda kommune Inge Teigen til formannskapet måndag ettermiddag.

Samtlege tester var negative. Det er altså per måndag ettermiddag ikkje stadfesta personar smitta av koronaviruset i Stranda kommune.

I Noreg er det per måndag 10 personar som er døde av korona.

Det er samtidig stor mangel på sjukepleiarar i Stranda kommune. Kommunen har gått ut og bede strandarar med helsefagleg røynsle eller utdanning om å melde seg.

Formannskapet held møte kvar måndag framover, og har no gått over til telefonmøte.