Skattemeldinga er på veg

Skatteetaten åtvarer mot svindelforsøk

  Foto: Colourbox.com

New Articles

Like sikkert som at skattemeldinga er på veg, like sikkert er det at svindlarar prøver seg. Skattemeldinga blir i år køyrt ut i puljar frå og med 18. mars, og har i år ei anna utforming enn tidlegare år.

– Vi sender ikkje lenkar i e-post eller i sms, og spør ikkje etter bank- eller kredittopplysningar i desse kanalane. Du vil få ein e-post frå Skatteetaten når skattemeldinga er klar, og då blir du bede om å sjølv oppsøke våre nettstader og logge deg inn der, seier direktør for sikkerheitsstaben i Skatteetaten, Ragna Fossen i ei pressemelding tysdag.

Skatteetaten kjem med tips for å hindre at du blir lurt:

1. Sjå nøye på e-postar og sms som du tek imot. Ta ei kritisk vurdering av e-posten/sms'e og sjekk kven som har sendt den. Tenk over om dette kan vere rett. Sunn skepsis er aldri feil.

2. Samanlikn avsendaradressa med tidlegare ekte e-postar/sms'ar. Sjå spesielt etter falsk avsendaradresse, dårleg språk og stavefeil. Dei kriminelle blir stadig flinkare til etteraping.

3. Ver særleg merksam om du i ein e-post blir bede om å gi frå deg sensitive opplysningar som kontonummer eller sikkerheitskoder.

4. Ikkje opne vedlegg frå ukjende, klikk ikkje ukritisk på lenkar og skriv sjølv inn internettadresser i nettlesaren.

5. Spesielt på mobilen kan det vere lett å klikke på ei lenke i farta. Ikkje gjer det.

6. Om du er i tvil: Dobbeltsjekk med den rette avsendaren, til dømes skatteetaten.no eller ring Skatteetaten på 800 80 000 (gratisnummer).