Kollektivtrafikken i Noreg kan stanse opp på grunn av pengemangel

  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

New Articles

Tapa i dei fylkeskommunale kollektivtransportselskapa er no så store at selskapa vurderer «svært store kutt» i tilbodet.

– Viss ikkje Stortinget vedtek ein krisepakke for kollektivbransjen denne veka, kan det allereie rett over påske bli nødvendig med svært store kutt i tilbodet, seier dagleg leiar Olov Grøtting i Kollektivtrafikkforeininga.

– Kollektivselskapa taper no i underkant av 200 millionar kroner i veka. Billettinntektene utgjer opp mot 50 prosent av inntektene til kollektivselskapa. Når dei blir borte, går ein rett og slett tom for pengar. Utan statlege garantiar, blir det umogleg å halde oppe tilbodet, seier Grøtting

Ho seier at kollektivselskapa er forplikta til å drive forsvarleg, og ikkje gå på store tap som eigarane må dekkje inn.


Samferdsledirektøren la fram kollektivtal til fylkesutvalet

Milliontap på ferje, buss og båt



Aursnes - Magerholm

B-ferja går ut frå måndag