Arealplanhøyring

Vil ha hyttefelt i staden for landbruk

Til sterke protestar frå landbruket vil kommuneplanutvalet i Stranda ha Lien Hyttegrend inn i den nye arealplanen.

Lien Hyttegrend ved Furset vil etter mange av grunneigarane si meining gå sterkt ut over landbruksinteresser. Slik er hyttefeltet tenkt. Nedst i biletet ser vi Svemorka industriområde.  Foto: , illustrasjon frå Stranda kommune

New Articles

Konsulentselskapet Ose AS, som kommunen har hyrt inn for å utarbeide arealdelen til ny kommuneplan, gjekk imot utbygging av skitrasear ved Furset, slik administrasjonen ønskte. I det nye utkastet til arealplan som snart blir send ut på endeleg høyring, har eit fleirtal av politikarar, med ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) som utvalsleiar, tatt ut løypetraseane og sett inn hyttefeltet på Lien i staden. Grunneigarar i området og Bondelaget har lenge kjempa mot båe delar.